Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Alle som førehandsbestiller boka innan 8. april 2019 får maks. rabatt og fraktfri levering.

Du kan også bestille boka til ein du er glad i. Då sender vi deg eit gåvekort  på e-post, og mottakaren får boka tilsendt så snart den er på lager. Send info om kven vi skal sende boka til til forlag@skald.no


DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE REISE

Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. På sine turar har han opplevd stader og møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nyfikenheita som driv han. Hans unike og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er. 

 I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land skriv han om dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Vi blir med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eiga, men som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner. 

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.