Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

I 2019 markerer Norske Grafikere markerer sitt 100-årsjubileum. I samband med dette har vi i samarbeid med Norske Grafikere gitt ut ei jubileumsbok og ein medlemskatalog. 

Tresnitt og amerikanske sommerfugler –  Norske Grafikere 1919–2019 innheld tekstar skrivne av kunsthistorikarane Sidsel Helliesen, Gunnar Danbolt og Øivind Storm Bjerke. Boka er rikt illustrert med bilde av kunstnernes verk og foto frå Norske Grafikeres arkiv.

I to kapitttel skildrar Helliesen situasjonen i norsk kunst- og kulturliv kring 1919 og stillinga til tresnittet i norsk kunsthistorie på 40- og 50-talet. Danbolt skriv om grafikken på 70-talet med vekt på kunstnargruppene Gras i Oslo og Lyn i Bergen. Storm Bjerke skriv om samtidsgrafikken med utgansgpunkt i Høstutstillingen 2018. Boka gir såleis eit innblikk i grafikken si historie i Norge, frå den spede barndommen og opp til i dag.